tirsdag 19. januar 2010
Muslimske trussamfunn
Eg las på Vårt Land i dag at i løpet av 5 år har det kome til 30 nye moskèar i landet. Dette får meg til å tenkje, dersom muslimane som kjem til Norge, som knapt kan norsk, klarar å samle inn so mykje peng at dei får røyst ein moskè, nei faktisk 30 moskèar i løpet av 5 år, kva er det dei har som me kristne ikkje har? Det virkar jo som regel at dei fleste forsamlingar, om ikkje kyrkjer, slit med økonomi for å halde hus og folk til å jobbe i forsamlingane. Men her kjem det flyktningar til Noreg som står på relativt bar bakke, og klarar å bygge ein moskè like fort som me snur oss og lurer på kvar alle givarane våre tok vegen?
Det er ofte me seier at me kristne har noko som ingen andre har, og det stemmer det! Me er frelste syndarar, ved at me trur på Jesus Kristus. Likevel torer og å spørje, kva har dei nyinnflytta muslimane som me ikkje har? Dei har ei tru som er felles - faktisk ikkje det heller. I følge Vårt Land i dag er uenighetene innad blant muslimane (sunni, sjia og Ahmadiyya-Islam) so stor at dei byggjer moskèar kvar for seg.
Eg trur muslimane fort tek trua si litt meir på alvor faktisk. Eg trur alle står samla og jobbar for eit felles mål. Kvifor skal dette vere vanskeligare for oss?
Eg trur det har med viljen vår å gjere. Eg trur det er slik at me fort gir opp! Bibelen fortel oss at me må ikkje gi opp, og det gjeld ikkje berre dei som jobbar i forsamlingar- men ALLE kristne. Paulus talar om dette, og Jakob fortel i sitt brev at me må vere tolmodige.
"Hald det berre for ei glede, mine brør, når de møter alle slag prøvingar, for de veit at når trua dykkar vert prøvd, lærer de tolmod. Men tolmodet må syna seg i fullført gjerning, så de kan vera fullkomne og heile og ikkje liggja etter i noko." -Jakobs brev 1:2-4
Me som kristne må stå saman og jaga etter seierskransen som Paulus skildrar i brevet til Filipparane 3:13-14. Samtidig som me må gjera det Jesus har sagt oss! Gå difor ut! Eg vil gå ut i mi heimbygd, ikkje berre for å få sjå folk omvende seg, men og for at folk skal bli bevart i trua!
I ein sang som DC talk har, seier dei at kristne er den største årsaken til ateisme i verda i dag! Me har ikkje nok tolmod! Sjølv om eg sit og skriv dette, har ikkje "skjønt" det, heller ikkje "klart" det! Eg er sikkert den dårlegaste av alle! Men det hjelp for min eigen del å skrive det!
Håpar det gjorde noko for deg og!
Eg veit i hjarta mitt at me har noko meir enn det Muslimane har! La oss vise dette igjennom tru, bøn og Gjerining med stor G! :)
Etiketter:
http://www.vl.no/samfunn/article4812785.ece
fredag 27. november 2009
Myanmar 2009
Søndag ettermiddag kom det to godt utrangla karar endeleg heim, reisinga tok ca 20 timar i strekk.
Eg og Oddvar ha vore i Myanmar i ca. 2 veker, det var flotte opplevelsar og flotte menneskje som møtte oss der.

Me besøkte arbeid som Sogndal Indremisjon støttar der nede. Blant anna Myanmar Compassion Project, som driv ein mobilklinikk blant barneheimar. Me hadde den æra, da va da verkeleg, å få vera med på tre barneheimsbesøk med klinikken. Der får borna ein helsesjekk, og so vert det litt evangelisering;) det er so flott arbeid. Av flotte folk, for flotte folk. For GUD!
Kort og godt var det ei oppleving utanom det vanlege! Det er ikkje mange turistar som får sjå og oppleve det me har gjort.
Må og nevne at maten i Asia er veldig god, kan nemne at eg smakte hønsehjerne og ein god del sterk mat. Veldig bra for helsa trur eg, gikk ned nesten 2 kilo på turen, men gikk aldri svolten! Dei et so sunt der nede! Grøne saker til kvart måltid. Eit forbløffande folkeslag. Får du muligheten til å besøke Myanmar, so er det eit anbefalt reisemål frå mi side.

onsdag 23. september 2009
18.-20.sept
JA. i helgi so va, va da Pit Stop i Bethlehem, Bergen. Da va flott forkynnelse og bra lovsang (da va samme lovsangsteamet so va på ReCap faktisk)
Men ikkje nok med da. Eg va og på møte i Salem på laurdagskvelden og i Pionerkyrkja på søndagen. Da e so herleg å møta kristne folk og få dela fellesskap saman med dei! :) Den beste opplevinga åndeleg sett må vera i Pionerkyrkja, sjølv om det var flott dei andre plassane og.
Kjem nok til å reisa i Pionerkyrkja igjen no på søndag, da va so herleg fellesskap.
Vel, mååte Gud velsigna deg og dine!
Ha forresten plana om å laga litt andakta so eg legg ut her ;)

Abonner på:
Innlegg (Atom)
Kven er eg?
- Sondre Johannes Orrestad
- Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
- Eg er yngst i ein syskeflokk på fem, har to flotte og snille foreldre. Har ei fantastisk jente til kjærast. Og er ihuga tilhengar av Jesus. Jesus er min beste venn og hjelper meg gjennom kvar dag. Til hausten byrjar eg på Bildøy Bibelskule på T2 linja. Då skal eg vere litt på skulen og ellers i forsamlinga heime. Jah, det var kort og fort om meg ;)